- Den norske kyrkja fungerer som ei demokratisk styrt folkekyrkje

I tiden frem til kirkevalget (september!) vil vi publisere intervjuer med medlemmene i Tunsberg bispedømmeråd. Her kan du lese intervjuet Øysten Lappegaard.

Biletet er teke på La Gomera sist haust. Eg valde dette biletet på grunn av trafikkskiltet.  Livet kan vera svingete. Nokre gonger er det varsla, andre gonger kjem det som ligg bak svingen overraskande og uforberedt.  Når ein kjenner seg hjelpelaus, er det godt å kunne leggja den vidare ferda i ei trygg Faderhand.

Hva synes du har vært mest interessant med å sitte i rådet i denne perioden?

- Den store og mest interessante saka i denne perioden har vore drøftingane rundt organiseringa av Den norske kyrkja. Saman med organiseringa har det også vore spanande samtaler om visjonar og strategi for kyrkja.

 

Hva tar du med deg som nyttig læring fra perioden som har gått?

- Eg har verkeleg fått oppleve at Den norske kyrkja fungerer som ei demokratisk styrt folkekyrkje med svært mange dyktige personar både mellom dei folkevalde og dei tilsette.

 

Hva fikk deg til å stille til valg i 2019?

- Det var nok særleg ønsket om å bidra inn i arbeidet med organiseringa av Den norske kyrkja.

 

På hvilken måte opplever du at bispedømmerådsarbeidet har vært med å prege Dnk i perioden som har gått?

- Sidan medlemmene i bispedømmeråda sit i kyrkjemøtet, vil bispedømmeråda ha stor innverknad på dei vedtak som det øvste organet i kyrkja gjer.

 

Hvis du skulle komme inn i rådet igjen; hva ville du sett mest frem til?

- Av private grunnar stiller eg ikkje til nytt val, men det hadde vore interessant å fylgja det vidare arbeidet med å setja organiseringa av kyrkja ut i livet.

 

Fire kjappe og et litt lengre spørsmål:

Pizza eller sushi? Pizza
Fjelltur eller seiltur? Fjelltur
Klassisk konsert i Wien eller Gospel Night i New York? Klassisk konsert i Wien
En god bok eller en god film/serie? Ei god bok

Du kan invitere 4 mennesker til middag og en god prat, nålevende eller døde. Hvem får invitasjon fra deg? 

- Eg meiner utfordringa til Den norske kyrkja i åra framover særleg er knytt til den aukande polariseringa, der det er dei ytterleggåande standpunkta som får mediemerksemd. Kyrkja maktar ikkje å få fram bodskapen om at kyrkja er opplevd viktig for både enkeltmennesket og lokalsamfunnet ved å vera brubyggjar og verdiformidlar.

Eg ville derfor be:

Preses Olav Fykse Tveit til middag saman med følgjande personar, - og då medan dei var i sine velmaktsdagar.

Samfunnsmedisinar Per Fugelli for å lyfte fram fellesskapsverdiar og det som er godt nok i motvekt til prestasjonspresset i samfunnet.

Fredsarbeidar Petter Skauen, som med sin kristne idealpolitiske ståstad og med erfaring i å få motpartar til å møtast og sameinast, kan lyfte fram nestekjærleiken som fundament for det kristne fellesskapet.

Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen, som med sin kreativitet og sitt folkelege engasjement kan peike på nye vegar for å synleggjera Den norske kyrkja som den viktigaste verdiberaren i lokalsamfunna.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"